Klokka har passert fire på natta, eller kanskje er det like rett å seie på morgonen. Eg vaknar gjerne ei lita stund på denne tida, berre eit minutt eller tre før eg snur meg og sovnar att. Akkurat lenge nok til å registrere at senga ved sida mi er tom. Ho brukar vere det på denne tida.

For det er no, i dei mørkaste timane av døgnet, at ho som eg bur saman med kan kvile. Ikkje sove. Kvile kroppen. Og kvile sinnet. Kjenne at smertene i musklar, sener og kropp slepp litt taket. Berre litt, men likevel. Smertene i sinnet er nesten like vonde. Smertene over å ikkje greie det ho før greidde, makte det ho før makta, gjere det ho så inderleg vel ønskjer å gjere, men ikkje har ork eller styrke til lenger.

Det er i desse stille nattetimane ho kan sende dei vonde tankane i veg. Gløyme alt ho klandrar seg sjølv for ei lita stund. Skamma over hagen som gror att, - kva skal naboane tru? Det dårlege samvitet for husarbeidet ho ikkje lenger utfører slik ho ein gong gjorde, - tenk om nokon kjem på besøk og ser? - Det må ikkje skje!

Kroniske smerter. Eg trur det må vere som eit utslett som aldri forsvinn. Kløe som blir verre til meir du klør. Svie som svir meir til meir du tenkjer på det. Sår som væskar og spreier seg om du fell for freistinga og klorar. Berre mykje verre! Smertene berre et ein opp, fortærer ein, innanfrå og ut, utanfrå og inn. På sitt verste kan det minne om langvarig tortur. Noko som bryt ein ned, både fysisk og mentalt. Den fysiske delen er ille, men det smerter dag ut, dag inn, gjer med psyken, er kanskje det verste. For den som sit ved sida er det vondt å sjå kor verken bit og riv og slit i den ein er glad i. Men det er nesten endå verre å sjå korleis smertene veke for veke, år for år, bryt ned sjølvtillit, sjølvbilete og tryggleik. I dei tunge stundene, og dei er det dessverre altfor mange av, blir ho som var ein einar, ein leiar, eit sterkt og sikkert midtpunkt for mange til ein skugge av det ho eigentleg er, utrygg, forknytt og fortvila.

Det har blitt formiddag. Utpå morgonkvisten får ho gjerne sove nokre timar. Gjerne ein nokså uroleg søvn utan skikkeleg kvile. Kanskje måtte det ein sovetablett til, eller kanskje to for å få «sakne verda» ei lita stund? Noko døgnrytme er vanskeleg å få til. Søvnen kjem ikkje til faste tider, men når kroppen «slår seg av», det kan vere midt på dag eller tidleg morgon. Som regel berre nokre få timar i gongen. Når mangelen på søvn blir heilt prekær kan ho bli fullstendig slått ut og sove både ti og tolv timar i ein fullstendig bevisstlaus søvn, kanskje endå meir. Og så er det på igjen. Pusterommet er timane frå sein kveld til tidleg morgon. Då gir ho seg sjølv lov til å slappe, eller kanskje helst, slakke litt på det som strammar og slit.

No høyrer eg henne på kjøkkenet. Skal eg gå ut og gi ei hand? For seint! Der høyrer eg lyden av ein kopp som går i golvet. Eller var det ein asjett denne gongen? Stive fingrar, verkande hender, brennande armar. Det kostar å gripe, løfte, bere. Minst kostar vel det som går i golvet og knuser. Meir kostar det i krefter og smerte dette å skulle gjere desse små, små tinga som vi andre aldri tenkjer over. Å løfte ein kopp, å ta eit fat ut av oppvaskmaskinen, å skjere ei skive brød, å høvle ei osteskive til pålegg. Aller mest kostar det kanskje i vanmakt og fortviling over ikkje å meistre desse små, enkle tinga. Som slett ikkje er verken små eller enkle lenger!

Eit menneske sin identitet er uløyseleg knytt til det vi gjer. Ein av desse tinga handlar om yrket vårt. Kroniske smerter er eit trugsmål mot yrke - og dermed mot identitet. Dersom vi må forlate yrket, yrkeslivet, gjer det noko med identiteten. Det er ille nok når ein må slutte i arbeidslivet for oppnådd aldersgrense. Mange slit med å akseptere at alderen bestemmer at yrkeslivet er slutt. Langt vanskelegare er det å akseptere at manglande helse set ei slik sperre.

Kroniske smerter er ofte einstydande med at den som har smertene må gi opp yrket sitt. Då er ein komen i ein dobbel tapssituasjon. Ein har tapt ein hovuddel av livet, jobben, arbeidsplassen, kollegaene, meininga, jobbidentiteten. I tillegg sit ein att med dei marmande, sviande, knugande smertene som aldri, eller i alle fall nesten aldri, slepper taket.

Men det sluttar ikkje der.

Alle desse daglege detaljane, husarbeidet, matlaginga, klesvasken, hagestellet, - alle ting blir litt vanskelegare å få gjort enn det var før. Etter kvart blir det ikkje litt vanskelegare. Det blir mykje vanskelegare. Til slutt blir det nesten umogleg. Og så blir det umogleg.

Den sosiale delen av livet er nesten den verste. Ho som før var den mest sosiale, som elska samværet med familie og venner, blir stadig meir sky, tilbakehalden, nesten redd for å møte menneske. Det kostar å vere saman med andre, sjølv om det framleis kan gi gode stunder. Men det er ikkje lett å smile når kroppen verkar som eit ope sår. Å le og prate når ein ikkje veit kor ein skal gjere av armar eller bein som verkar, verkar, verkar.

Det er godt å vere saman med barn og barnebarn, men også det har si straff. Ein skal sjølvsagt løfte på dei minste, bere dei på armen, synge og pludre med babyen, ha den litt større på fanget. Det dei ikkje ser eller veit, er at når den glade stunda er over og dei har reist heim, då kjem den uuthaldelege verken, smertene, ja beint ut sagt helvetet fordi ein har gløymt seg og løfta, bore og gjort desse vanlege tinga som berre er gode!

Eller?

I dag er det visst ein god dag. Smertene er litt mindre enn dei var i går. I dag skin sola, både den ute og den på innsida. Så blir det ein opptur. - Kjenn kor godt det er, smertene er nesten til å halde ut! Det må nyttast. Om ikkje anna så til å legge saman nokre klede, rydde litt på kjøkkenet. Kanskje luke litt i blomsterbedet i hagen. Det er så godt å vere «normal» for ei lita stund. Men så veit vi at morgondagen kjem med resultatet av slik yr og optimistisk handling. Då kjem straffa: stive ledd, ubegripelege smerter, og mismotet, ikkje minst. Vi veit at det skjer. Hadde det vore betre å sitje stille også desse timane då smertene tok ein aldri så liten pause? Fasiten finst ikkje. Sa den ja ville ein aldri meir kunne kjenne gleda av å gjere det ein ønskjer. Sa den nei var det ei innbyding til nye smerter. Men visdomsordet - carpe diem, grip dagen - er alltid godt å ha som rettesnor. Sjølv om «hver gledesstund du fikk på jord betales må med sorg»!

Går det an å forstå kva kroniske smerter er, og kva dei gjer med eit menneske, for den som ikkje har prøvd det sjølv?

Svaret er nok helst nei. Dei fleste har nok hatt tannpine ein gong i livet. Eller hovudverk. Eller andre forbigåande smerter. Og det er nettopp det som kjenneteiknar det dei fleste av oss veit om som vondt: det er forbigåande. Men vi har kjent kor det smertar, så vi kanskje trur det er uuthaldeleg. Men det går over. Og derfor er det uthaldeleg likevel, sjølv om det er vondt.

Men dei kroniske smertene går ikkje over, dei er ikkje forbigåande. Tenk deg at tannpinen din aldri skal gå over. Det er vondt no, det skal kanskje bli verre - og det skal aldri gå over! Det ville vere ein sjokkerande tanke. Det er ille å skulle lide ei stund i tannlegestolen, men vi veit at den lidinga på sikt tar bort smertene. Derfor er det til å bere den stunda det varer. Men dei kroniske smertene går ikkje over. Går aldri over! Kan det vere til å bere?!

Berre ein ting til slutt: kroniske smerter er som oftast usynlege. Den som har kroniske smerter har ikkje bandasje, ikkje svarte briller, stokk eller rullestol. I alle fall ikkje før smertene har gjort ein sterkt funksjonshemma, det kan skje det også. Men oftast er det uråd for den utanforståande å sjå at nokon har smerter. Den som lever tett innpå kan eit stykke på veg sjå det. Når kroppsspråket viser at musklane strammar seg, når ansiktet blir fordreid av smerter, når blikket sluttar å vende utover, men sekk inn i den kjære, då veit vi det. Men for andre……. Av og til trur eg den som lever med smertene gjerne ville ha ein stor plakat på magen der det sto «Eg har det j…….!» Eller ein «smertebandasje» som kunne syne for all verda at slik som eg har det no er det ikkje til å halde ut! Men dei ser ofte så forbaska friske ut. Du ser så frisk ut, seier vi og trur det er oppmuntrande for den andre å høyre. Men for den som står eller sit der med smertene sine trur eg verknaden kan vere ein heilt anna enn det som var meininga. For når vi seier til ein person at han eller ho ser frisk ut så seier vi samstundes at «sidan du ser så frisk ut så bør du oppføre deg som ein som er frisk». Ja, hadde den som må leve med dei aldri kvilande smertene kunne gjere akkurat det så er eg ikkje i tvil om at det var akkurat det han eller ho ville gjere.


Men det er ein grunn til at det ikkje går.

Ein verkande, sviande, tærande grunn.

Og den grunnen heiter kronisk smerte!


Kontaktinformasjon
Telefon: (+47) 46 77 06 68
Telefontid:
Man - Fre: kl. 10 - 15

Epost: post@kroniskesmerter.no

Postadresse:
Postadr.:
Postboks 157 Sentrum
5804 Bergen
Merk "Sentralstyret"

Norsk Tipping
Registrer FKS som grasrotmottaker

FKS Østfold
998 878 322

FKS Oslo og Omegn
983 983 219

FKS Sør-Rogaland
984 228 813

FKS Haugesund og Omegn
979 698 690

FKS Bergen og Omegn
983 543 553

FKS Møre og Romsdal
911 618 966

FKS Telemark
917 510 040

FKS Vestfold
814 982 122

FKS Trondheim
917 748 713

FKS Tromsø og omegn
914 716 187

FKS Kristiansand og omegn
985 581 428


Takk for hjelpen!
Nyttige lenker







Tips en venn

Samarbeidspartnere